Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 25. mars 2018 (157 dagar igjen)

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Startliste 2017

(08.04.2017, 18:31)

Les meir

Påmeldingar 2017

(08.04.2017, 09:30)

Les meir

Funksjonærliste

(05.04.2017, 17:43)

Les meir

Reserveløype på Ullsheim

(04.04.2017, 10:03)

2017-rennet blir flytta til reserveløype.

Les meir

Innbyding til Holmøyskarrennet 2017

Skipa 1967. Renn nr. 50!

Idrettslaga Hardbagg og Veten byr inn til det 25 km lange tradisjonsrike turrennet Holmøyskarrennet Palmesøndag 9. april 2017 med start og innkomst på Nordfjord fritidssenter, Fjelli i Stryn. Konkurranseklassane går i klassisk teknikk.

Parkering: Organisert parkering ved Nordfjord fritidssenter. Pris kr 50,- pr bil, berre kontant betaling.

Start: Trim- og familieklasse utan tidtaking kl 0830 - 1100. UH-klassar kl 1100. Konkurranse- og turlangrennsklassar kl 1200.

Innkomsttid trim- og familieklasse seinast kl 1700.

Påmelding: Trim- og familieklassen ved rennkontoret før start. Registrering same stad ved innkomst. Konkurranseløparane melder seg på innan fredag 7. april kl 2100 via påmeldingsskjema, evt epost til turrenn@veten.info eller på tlf 91128730.

Startkontingent: Trim- og familieklasse under 16 år kr 50,-, vaksne kr 200,-. Konkurranse- og turlangrennklassane kr 250,- . Betaling kontant eller med kort ved frammøte til registrering.

Konkurranseklassar: Junior kvinner/menn 15 – 16 år og 17 – 20 år. Senior kvinner/menn 21 – 35 år, 36 – 45 år, 46 – 55 år, 56 – 60 år, 61 – 65 år, 66 – 70 år, 71 – 75 år, over 75 år.

Turlangrennklassar: 17 – 35 år, 36 – 50 år, over 50 år. I denne klassen kan alle gå som ikkje har teke premie i terminfesta renn i inneverande sesong.

Lisens: Deltakarane i konkurranse- og turlangrennsklassane må vise kvittering for betalt lisens til NSF ved registrering/henting av startnummer. Dei som ikkje har heilårslisens kan kjøpe eingongslisens før start. Det kostar kr 60,- for dei opp t o m 25 år og kr 150,- for dei som er eldre. For dei som er 70 år og oppover er lisensen frivilleg.

Premiering: Minimum 1/3 i konkurranse og turlangrenn. Fine gåvepremiar. Uttrekking av premiar i trim- og familieklassen. Vandrepokalar vinnast 3 gonger. Beste damelag 3 stk, beste herrelag 3 stk, beste herrelag 5 stk. Pengepremie kr 2000,- til det laget som stiller med flest deltakarar på tid, minimum 10.

Dusj/garderobe: Nordfjord fritidssenter.

Rennleiar: Arne M Sølvberg, tlf 48151317

TD: Per Hatledal.

Vel møtt til femtiårsjubileum!

Sponsor 2015

Sponsor 2 2015