Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 5. april 2020 (294 dagar igjen)

Resultat 2019

(14.04.2019, 18:43)

Årets Holmøyskarrenn vart arrangert i fantastisk sol og med totalt 412 løparar som stilte til start, derav 50 i konkurranseklassane. Trass i at traséen i år var litt annleis pga snøforholda, så var alle fulle av vellæte om arrangementet.

Les meir

Resultat 2018

(25.03.2018, 15:12)

Holmøyskarrennet vart i år litt amputert pga veir og føreforhold, men likevel var det 274 turistar og 48 konkurranseløparar som fullførte.

Les meir

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Pressemelding Holmøyskarrennet 2016

(20.03.2016, 21:58)

Les meir

Resultat Holmøyskarrennet 2016

(20.03.2016, 21:48)

Her finn du resultat frå konkurransenklassane under Holmøyskarrennet 2016.

Les meir

Nyhende

Holmøyskarrennet 1.april 2012

Av Antonia Karete Kongsvik
Informasjon om 2012-rennet.
Årets renn (2012) vart arrangert i reserveløype på Ullsheim.

Dårleg ver på renndagen med tidvis tjukk snødrev førte til at det ikkje vart mogleg å gå den planlagde langløypa frå Ullsheim om Veten og Hogden. I staden for vart det reserveløype på knappe 15 km frå Ullsheim til Spjelkebu-Tonningsetra- Holsetra og tilbake til mål på Ullsheim. Konkurransedeltakarane gjekk to rundar, medan turdeltakararane slapp med ein runde.

I alt 238 turdeltakarar trossa snøvêret og stilte opp i det 46.Holmøyskarrennet. 37 deltok i konkurranseklassane.

Reiner Aaland vann årets renn med tida 1.19.08. Roger Lillestøl følgde på andreplass med tida 1.20,26. Sigbjørn Fænn vart nummer tre.

Dameklassen vart vunne av Karoline Holsen Kyte for andre året på rad. Ho kom i mål til tida 1.36,42. Kristin Solberg vart nr 2 og Andrea Skeide Bakke kom på 3.plass.
Reiner Aaland og Karoline Holsen Kyte vann også dei innlagde spurtpremiane.

I lagkonkurransane vart Markane IL beste tremannslag medan Hardbagg IL vart det beste femmannslaget. For øvrige resultat viser vi til resultatlista.

(Sist oppdatert 13.februar 2013, 08:41)

Gå til nyhendearkiv