Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 5. april 2020 (294 dagar igjen)

Resultat 2019

(14.04.2019, 18:43)

Årets Holmøyskarrenn vart arrangert i fantastisk sol og med totalt 412 løparar som stilte til start, derav 50 i konkurranseklassane. Trass i at traséen i år var litt annleis pga snøforholda, så var alle fulle av vellæte om arrangementet.

Les meir

Resultat 2018

(25.03.2018, 15:12)

Holmøyskarrennet vart i år litt amputert pga veir og føreforhold, men likevel var det 274 turistar og 48 konkurranseløparar som fullførte.

Les meir

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Pressemelding Holmøyskarrennet 2016

(20.03.2016, 21:58)

Les meir

Resultat Holmøyskarrennet 2016

(20.03.2016, 21:48)

Her finn du resultat frå konkurransenklassane under Holmøyskarrennet 2016.

Les meir

Nyhende

Innbyding til Holmøyskarrennet 2013

Det tradisjonelle turrennet i Nordfjord, Holmøyskar-rennet, kjem i år i ny utgåve.
Start og mål på same plass: Nordfjord Fritidssenter. God parkering, kafé, middagservering, garderobe/dusj, mulegheit for overnatting.

Ny løype ca 35km, truleg ei av Norges finaste, startar med 5-6 km i lett stigning i kupert skogsterreng med utsikt over indre Nordfjord, går vidare jamt oppover i fjellterreng (4-5 km) før den går over i utførkøyring/lettare parti med utsikt over "Honndalsvatnet" og Sunnmørsalpane. Deretter kjem løypa inn på den gamle traseen (frå Kroken) og ei hard stigning gjennom Holmøyskaret, nedover/renning gjennom Klebergsdalen ned Slettene, før ei siste stigning (1km opp "Kleiva"), og til slutt flatt og lettare terreng (6km) inn til Nordfjord Fritidsenter / Mål.

Kort løype/familieløype ca 25 km: kryssar over "Tverrfjellet" (går ikkje bakom/nordom Blåeggjene)

3 stk drikkestasjonar.

Reserveløype på same arene ved dårleg ver

Renndagen er Palmesøndag, som tidlegare.

Du kan laste ned ei enkel brosjyre her.

Løypekart og -profil.

Løypekart, lengste løypa

Høgdeprofil, lengste løypa.

Høgdeprofil 35 km


Løypekart og -profil, kortaste løypa.

Kart og profil 2013 turistløype

(Sist oppdatert 20.mars 2013, 08:39)

Gå til nyhendearkiv