Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 5. april 2020 (294 dagar igjen)

Resultat 2019

(14.04.2019, 18:43)

Årets Holmøyskarrenn vart arrangert i fantastisk sol og med totalt 412 løparar som stilte til start, derav 50 i konkurranseklassane. Trass i at traséen i år var litt annleis pga snøforholda, så var alle fulle av vellæte om arrangementet.

Les meir

Resultat 2018

(25.03.2018, 15:12)

Holmøyskarrennet vart i år litt amputert pga veir og føreforhold, men likevel var det 274 turistar og 48 konkurranseløparar som fullførte.

Les meir

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Pressemelding Holmøyskarrennet 2016

(20.03.2016, 21:58)

Les meir

Resultat Holmøyskarrennet 2016

(20.03.2016, 21:48)

Her finn du resultat frå konkurransenklassane under Holmøyskarrennet 2016.

Les meir

Nyhende

Fantastisk Holmøyskarsøndag!

630 deltakarar løyste inn deltakarkort på Holmøyskarrennet palmesøndag. Den nye traséen med start og mål på Nordfjord Fritidssenter fekk mykje vel lete både mellom turgåarane og konkurranseløparane.

Dispenhytta2013 © Thorolf

Roger Lillestøl, Hornindal var suveren i herreklassa og vann med over fem minutt til atten år gamle Helge Kvam Karbø, Sunnylven.

Mellom damene var det førdejenta Karolinge Holsen Kyte som var raskast.

Beste gjennom tidene
Per Knut Aaland stilte ikkje med startnummer i år. Konklusjonen til Holmøyskarkongen var likevel klokkeklar: -Dette er det beste Holmøyskarrennet gjennom tidene. Ikkje verst attest å få frå mannen som har 28 sigrar i løpet som i går gjekk for 47. gong. Frå dei mange hundre som gjekk tur var det også berre smil og skryt å sjå og høyre. Panoramautsikt i 35 kilometer hadde gjort inntrykk ein solfylt søndag.

(Sist oppdatert 25.mars 2013, 08:38)

Gå til nyhendearkiv