Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 25. mars 2018 (98 dagar igjen)

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Startliste 2017

(08.04.2017, 18:31)

Les meir

Påmeldingar 2017

(08.04.2017, 09:30)

Les meir

Funksjonærliste

(05.04.2017, 17:43)

Les meir

Reserveløype på Ullsheim

(04.04.2017, 10:03)

2017-rennet blir flytta til reserveløype.

Les meir

Klart for det 40. Holmøyskarrennet

(Av Ove Sveen, frå Fjordingen 31. mars 2006)

9. april er det klart for det 40. Holmøyskarrennet for langrennsløparar og turgåarar. Om snøen held, går rennet frå Kroken i Markane til Vangen Aktivitetssenter, seier PR-sjef Per Hatledal.

Det tradisjonelle Holmøyskarrennet såg dagens lys i 1967, då med start på Rand og innkomst i Markane. Seinare har Markane vore fast startplass med skiftande innkomstar på Fjelli og Ålandsleite. Holmøyskarrennet er blitt eit årleg høgdepunkt på ski for mange, og ennå er det sju mann og ei kvinne som har gått alle renna. Imponerande!

-Fast innkomst

Per Hatledal fortel at alle tre laga, Hardbagg, Markane og Veten no har vedteke at fast innkomst skal vere ved Vangen Aktivitetssenter. Berre eit formelt vedtak på årsmøtet for Holmøyskarrennet står att før dette er i boks.
- Det vart tromla frå Kroken til Sindrerustene då det var kaldt. Dersom det no ikkje blir fønvind og regn, skal vi greie dette. Det mest kritiske blir startområdet i Kroken, seier Hatledal. Det blir tradisjonelt opplegg med konkurranseklasse og turistklasse palmesøndag med to drikkestasjonar (på Flo-hammaren og Slettene) langs den 25 kilometer lange løypa. Hatledal ber som vanleg løparane om å merke seg starttidene og siste frist for innkomst. Han ber også om at folk utrustar seg med kle og mat slik forholda krev. Dei som har gått mange gonger, veit at det kan vere surt i skaret på det verste.

Heider til veteranar

Leiaren i styret for Holmøyskarrennet 2006, Olav Auflem opplyser at det i år vert sett opp buss frå Vangen Aktivitetssenter til startområdet i Markane på morgonen. På denne måten kan løparar frå Eid og Gloppen som kjem panoramavegen frå Lote, ha bilane ståande i området ved innkomsten. Han fortel elles at det vert gjort ekstra stas på dei som har gått alle 40 renna. Vidare vil det bli premiering av ein del turløparar etter uttrekking. Styret skal elles auksjonere vekk to vakre måleri av Magne Kristiansen til inntekt for arrangementet. Det eine, med motiv frå Holmøyskaret, ligg det allereie inne bod på. Det andre måleriet er nyare og viser det praktfulle utsynet utetter fjorden frå løypetraseen på Nosakleiva.