Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 25. mars 2018 (157 dagar igjen)

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Startliste 2017

(08.04.2017, 18:31)

Les meir

Påmeldingar 2017

(08.04.2017, 09:30)

Les meir

Funksjonærliste

(05.04.2017, 17:43)

Les meir

Reserveløype på Ullsheim

(04.04.2017, 10:03)

2017-rennet blir flytta til reserveløype.

Les meir

Holmøyskarrennet 1992

Statistikk

Renndato: 12. april 1992

Frå rennprotokollen:
Holmøyskarrennet i 1992 vart avvikla under dårlege vérforhold. Mildvér, regn og tåke var det i forkant av rennet. Løypemannskapet hadde ein stri tørn for å få til løypene, men når renndagen kom så betra véret seg så ein kunne sende løparane gjennom Holmøyskaret. Løypa gjekk frå Kroken og med innkomst ved Fjelli skule på Jevnlid.

Per Knut Aaland tok sin 19. siger. Ein venta kanskje at han skulle få kamp av Oddbjørn Hjelmeset, men Hjelmeset måtte sleppe Aaland i motbakkane opp mot Holmøyskaret og på toppen hadde han ei leiing på 2.15 min.

Janne Bosdal vann dameklassa føre Anna Kirsten Hellevang.

Ca 200 starta i turistklassa. Eit lågt tal som det dårlege véret må ta skulda for.