Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet Holmøyskarrennet

Holmøyskarrennet

Neste renn: Søndag 25. mars 2018 (183 dagar igjen)

Resultatliste 2017

(09.04.2017, 23:49)

Det vart eit flott 50-årsjubileum for Holmøyskarrennet søndag 9. april 2017. Sjølv om rennet vart flytta til Ullsheim pga dårlege snøforhold så var det mange unge og gamle som tok turen gjennom den 20 km lange løypa.

Les meir

Startliste 2017

(08.04.2017, 18:31)

Les meir

Påmeldingar 2017

(08.04.2017, 09:30)

Les meir

Funksjonærliste

(05.04.2017, 17:43)

Les meir

Reserveløype på Ullsheim

(04.04.2017, 10:03)

2017-rennet blir flytta til reserveløype.

Les meir

Innbyding 2016

HOLMØYSKARRENNET 2016


Skipa 1967
Renn nr. 49.

Idrettslaga Hardbagg og Veten inviterer til Holmøyskarrennet Palmesøndag 20. mars 2016. Holmøyskarrennet er eit tradisjonsrikt turrenn. Også i år er start og mål på same stad, det betyr litt endringar i forhold til den opprinnelege løypetraseen, men løypa vil framleis gå gjennom Holmøyskaret.

Start: Nordfjord Fritidssenter, Fjelli i Stryn. Trim- og familieklasse utan tidtaking: kl. 08.30 – 11.00. UH-klassar kl 11.00. Konkurranse og turlangrenn kl. 12.00
Innkomst: Nordfjord Fritidssenter, Fjelli i Stryn. Seinast kl. 17.00
Påmelding: Meld på ved rennkontor start (Gjeld trim og familie.)
Påmeldingsfrist: 18. mars 2016, kl. 21.00 (Gjeld konkurranse-klassane som skal gå på tid). Meld helst på via påmeldingsskjema (link over). Eventuelt epost: turrenn@veten.info eller telefon 911 28 730.
Startkontingent: Trim- og familieklasse: Born kr. 50,- (opp til 15 år). Vaksne kr 200,-.
Konkurranseklasse: kr. 250,-. Trim/familie - påmelding ved start.
Startkontingenten vert å betale ved start.
Konkurranseklasser: Yngste startande konkurranseklasse: 15 år. Kvinner/menn junior: 15-16 år, 17-20 år. Senior kvinner/menn: 21-35 år, 36-45 år, 46-55 år, 56-60 år, 61-65 år, 66-70 år, 71-75 år, over 75 år.
Turlangrennklasse: Med slik inndeling; 17 - 35 år, 36 - 50 år, over 50 år. I denne klassen kan alle gå som ikkje har teke premie i terminfesta renn i inneverande sesong.
Lisens: Deltakarar i konkurranseklassane må vise kvittering for betalt lisens til NSF ved registrering/henting av startnummer. Dei som ikkje har heilårslisens kan kjøpe eingongslisens før start. Det kostar kr 130,- for dei i alder 26 år og oppover, og kr 50,- for dei yngre.
Premiering: Minimum 1/3 i konkurranse og turlangrennsklassar.
Fine gåvepremiar.
Uttrekking av premiar i trimklassane. Vandrepokalar vinnast 3 gongar: Beste damelag 3 stk., beste herrelag 3 stk., beste herrelag 5 stk. Pengepremie, kr 2.000,- til det laget som stiller med flest deltakarar på tid (meir enn 10). Bestemannspremie: Dame og herre. Spurtpremie på Rosetstøylen kr 1 000,- for dame og herre. Spurtpremie i Holmøyskaret kr 1 000,- for dame og herre. Og pengepremie, kr 1.000,- for beste løpar under 20 år, dame og herre.
Dusj/garderobe: Nordfjord Fritidssenter ved innkomst.

Vel møtt til ein fin skidag.

Sponsor 2015

Sponsor 2 2015